Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Skalds klassikarkalender

2026, Samlepakke, Nynorsk

2 990,-

På eksternt lager - Sendes innen 2-6 virkedager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Ein eksklusiv adventskalender forma som eit lite bibliotek!

Kalenderen er sett saman av 24 handplukka, nyomsette tekstar frå verdslitteraturen – kvar av dei utgitt som si eiga vesle trådinnbundne hardcoverbok og samla i ein dekorativ boks.

Som klassikarserien blir også julekalenderen eit høgkvalitetsprodukt, eit samspel av utsøkte tekstar, nydelege omsetjingar, høgverdig materiale og produksjon.

Bøkene blir trekte i tekstil i fire ulike fargar og samla i ein stilfull, spesialdesigna kassett laga av vår prisvinnande illustratør og designar Andreas Töpfer. På ryggen vil dei silketrykte illustrasjonane danne eit bilete som kan setjast saman fritt. På den måten blir kalenderen aldri heilt lik frå år til år, og frå stove til stove, og kan takast fram att og lesast på nytt kvar einaste desember.

Utvalet inneheld tekstar av meisterlege forteljarar som Oscar Wilde, Fjodor Dostojevskij, E. T. A. Hoffmann, Selma Lagerlöf, Charles Dickens, Kate Chopin, Lev Tolstoj, Bolesław Prus, Maurice Maeterlinck og Fernando Pessoa – for å nemne nokre.

Skalds klassikarkalender er ikkje berre ein julekalender, men eit gjennomarbeidd leseverk i 24 delar – eit objekt for både auge, hand og sjel, laga for å vare og for å overraske kvart år på nytt.

Anmeldelser av Skalds klassikarkalender:

Altså, glem dildokalenderen til Kondomeriet i år. Og hvem er det som egentlig har lyst på Lakrids by Bülow til frokost 24 dager på rad – har du ikke lest hva Marit Kolby sier om å spise før lunsj? Og forskjellig mikrobryggkaffe hver morgen i desember? Nei, vet du hva! Drikk vanlige Friele-kaffe og invester heller 2990,- i denne makeløse kalenderen.
- Arne Borge, Morgenbladet
Nei, dette blir ikkje eit pynteleg veggheng med klassikarsitat i løkkeskrift med snødryss på. Det dreier seg om 24 handplukka tekstar, nyomsette av forlagets veltrudde omsetjarar, samla i ein praktboks designa av Andreas Töpfer. Høg kvalitet gir høg pris.
- Vi noterer, Klassekampen

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Stibbe, Simone (Redaktør)
  • Forlag/utgiver

    Skald
  • Format

    Samlepakke
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2026
  • Utgivelsesdato

    20.10.2026
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788279594208

Kundeanmeldelser

Frakt og levering