Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Migranorsk alfa - skriftforming

2021, Pocket, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 2-4 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Migranorsk alfa er eit unikt læreverk for grunnleggjande lese- og skrivetrening for unge og vaksne innvandrarar. Verket høver svært godt for bruk i samansette klassar. Det inneheld digitale oppgåver på fleire nivå, frå bildeppgåver utan skrift til alfabetiseringsoppgåver og oppgåver for dei som alt er lese- og skrivekunnige. Migranorsk alfa følgjer kompetansemåla i grunnopplæring i lesing og skriving etter Læreplan i norsk for vaksne innvandrarar (2021).

Verket passar også for ungdommar i innføringsklassar. Migranorsk alfa Digitalt kurs er eit heildigitalt læremiddel. Deltakarane blir inviterte inn i læringsprosessen gjennom ein kvardagsbasert dramaserie med 14 episodar. Bruken av filmar opnar for ei mediering og samhandling i det moderne klasserommet. Til kvar episode høyrer det til svært mange interaktive lese- og skriveoppgåver på ulike nivå. Det er også forslag til munnlege oppgåver klassen kan jobbe med uavhengig av lese- og skriveferdigheiter. Ressursen er nivådelt og har oppgåver frå heilt grunnleggjande alfabetiseringsoppgåver til meir omfattande lese- og skriveoppgåver. Han har i tillegg ordinnlæringsoppgåver som ikkje krev leseferdigheiter av deltakaren. Den digitale ressursen inneheld også ei omfattande lærarrettleiing med metodiske tips og støtte til undervisninga.

Migranorsk alfa nynorsk inneheld oppgåver på nynorsk. Sjå meir på migranorsk.no. Migranorsk alfa Skriftforming er eit supplement til den digitale ressursen og gir deltakarane viktig trening i praktisk skriftforming. Boka startar med grunnleggjande oppgåver for å øve finmotorikk og skriveretning og går deretter vidare til bokstavforming og skrift. På utbrettklaffane i boka er det samla oversikter som kan vere til nytte for deltakarane.

Migranorsk alfa Skriftforming følgjer det digitale kurset, men kan også nyttast som ein sjølvstendig øvingsressurs uavhengig av dette.

Produktegenskaper

  • Forlag/Utgiver

    Vigmostad & Bjørke AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Migranorsk alfa
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    139
  • Emnekategori

    Læremidler: fremmedspråk: språkopplæring
  • Kom i salg

    20. okt. 2021
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788211045584

Kundeanmeldelser

Frakt og levering