Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Agronomi - jordkultur

2023, Pocket, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 2-4 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Når vi driv god agronomi, kultiverer og forbetrar vi dyrkingsjorda. Kunnskap om eigenskapane til jorda og ytre forhold som påverkar, bidrar til ein jordkultur - det å behandle dyrka jord - som sikrar god plantevekst. I tråd med dette tar boka opp grunnleggande kunnskap om jordkultur og jord som vekseplass for dei fleste aktuelle plantekulturar.

Agronomi - jordkultur bidrar til å utvikle ei forståing for dei miljø- og klimautfordringane vi no står i. Måten vi arbeider med jorda på har òg mykje å seie for miljøet og samspelet i naturen. Ved å peike på forskjellar på god jordkultur mellom ulike driftsformer, f.eks. ulik bruk av husdyr- eller mineralgjødsel, gir boka deg kompetanse til å arbeide med økologisk så vel som konvensjonell drift. Målet er å basere all jordkultur og planteproduksjon på økologiske og berekraftige prinsipp.

Kompetansemåla som blir dekt, er henta frå programområdet vg2 Landbruk og gartnarnæring, i tillegg til kompetansemåla for vg3 Landbruk og delar av måla i vg3 økologisk landbruk.

Agronomi - jordkultur nettressurs tilbyr ein illustrert omgrepsdatabase, ekstra oppgåver og undervisningsopplegg.

Svein Skøien er utdanna ved Norges landbrukshøgskole (no NMBU) og var tilsett der som statskonsulent i jordfag. Ein periode var han òg amanuensis og informasjonsdirektør. Skøien har undervist i jordfysikk og jordkultur og forska spesielt på jorderosjon. Han var med på å etablere dei første universitetskursa i økologisk landbruk. I ein kort periode var han òg tilsett som forskar på vassmiljøtiltak i NIBIO. Skøien har vore landbrukssjef i Ås kommune og fylkesagronom i Østfold fylke. Sidan 2017 var han tilsett i Norsk landbruksrådgiving med ansvar for klimatiltak i jordbruket og «Klimasmart landbruk».

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Skøien, Svein (for)
  • Forlag/Utgiver

    Vigmostad & Bjørke AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Agronomi
  • Utgivelsesår

    2023
  • Antall sider

    291
  • Kom i salg

    22. nov. 2023
  • Varenummer

    9788211046925

Kundeanmeldelser

Frakt og levering