Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Brand 1.0 - marknadsføring og leiing 1

2022, Pocket, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 2-4 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Fagbokforlagets Økonomiske programfag består av læremiddel for dei tre programfaga entreprenørskap og bedriftsutvikling, næringslivsøkonomi og marknadsføring og leiing, samt den tverrfaglege nettressursen Økonomiportalen.

Brand 1.0 er eit heilt nytt læreverk for vidaregåande skole, for programfaget marknadsføring og leiing 1 i studieførebuande utdanningsprogram. Boka er basert på kompetansemåla i læreplanen som gjeld frå august 2021.

Læreverket består av læreboka Brand 1.0 og ein nettressurs som er del av den tverrfaglege Økonomiportalen. Ressursane legg vekt på ei praktisk tilnærming til faget. Boka har eit visuelt uttrykk med figurar som støttar teksten gjennom å illustrere teorien, og etter kvart kapittel er det varierte oppgåver og verktøy.

Del 1 introduserer elevane for dei arbeidsoppgåvene ein marknadsførar kan rekne med å få i arbeidslivet. Så kjem det ei innføring i grunnleggjande marknadsføringsomgrep. Deretter blir det presentert viktige utviklingstrekk ved marknadsføringsfaget, berekraftsdimensjonen, digitalisering og etikk og regelverk.

Del 2 presenterer forbrukaråtferd gjennom to kapittel. Det første kapittelet introduserer teori om det å vere forbrukar, som blir følgd opp av ei innføring i kva som skjer i bevisstheita til forbrukaren. Det neste kapittelet presenterer teori om forbrukaråtferd og korleis forbrukaren steg for steg beveger seg gjennom ulike prosessar knytte til behov, roller og nye produkt i marknaden.

Del 3 tek for seg marknadsplan og ulike styringsverktøy for all kommunikasjon med marknaden og har ein kapittelvis presentasjon av dei fire konkurransemidla ein kan bruke i marknadsarbeidet: produkt, pris, påverknad og plass.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Løvaas, Siri (for) ; Syltevig, Arne Rusten (for) ; Vinje, Ruth-Wenche Hebnes (for)
  • Forlag/Utgiver

    Vigmostad & Bjørke AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Brand 1.0
  • Utgivelsesår

    2022
  • Antall sider

    336
  • Serienavn

    Økonomiske programfag
  • Emnekategori

    Læremidler: handel og økonomi
  • Kom i salg

    12. okt. 2022
  • Varenummer

    9788211032157

Kundeanmeldelser

Frakt og levering