Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Medborgarskap - samfunnskunnskap vg1/vg2

2021, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 2-4 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Medborgarskap handlar om å vere ein fullverdig medlem og deltakar i det samfunnet vi er ein del av. Det handlar om deltaking i politiske spørsmål og om å la stemma si bli høyrd i korleis samfunnet skal bli styrt og utvikla. Medborgarskap handlar også om å oppfylle krav og forventningar frå samfunnet om oppførsel, utdanning og deltaking i arbeidslivet.

Dette idealet om at vi er aktive, engasjerte medborgarar, er ikkje alltid lett å oppfylle. Nokre vel frivillig å stå utanfor i delar av eller heile livet. Andre att hamnar på utsida som eit resultat av forhold og situasjonar dei ikkje ønskjer. Uavhengig av årsak er utanforskap eit forhold som vi må forstå og forklare.

Denne læreboka har som ambisjon å gi ei forståing for dei samfunnsforholda enkeltmennesket må ta omsyn til på sin veg gjennom livet. Dette gjeld ikkje berre vegen frå barndommen, via ungdomstida og over i vaksenlivet. Det gjeld også politisk engasjement i spennet frå lokaldemokratiet til internasjonale forhold.

Formålet er å gi elevane grunnlag for å forstå det samfunnet vi alle er ein del av, og for å finne sin plass i dette samfunnet.

Boka dekkjer læreplanen for samfunnskunnskap Vg 1/Vg 2.

Edelinn B. Gjerde er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Ho er lektor ved Metis videregående skole og underviser i samfunnskunnskap og rettslære.

Kjetil Evjen er universitetslektor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han har også brei erfaring frå undervisning i den vidaregåande skolen.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Evjen, Kjetil (for) ; Gjerde, Edelinn B. (for)
  • Forlag/Utgiver

    Vigmostad & Bjørke AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Medborgerskap
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    252
  • Emnekategori

    Læremidler: statsborgerskap og sosialt arbeid
  • Kom i salg

    7. juli 2021
  • Utgave nr.

    1
  • Varenummer

    9788211042521

Kundeanmeldelser

Frakt og levering