CD-en inneholder opplesninger av tekstene i grunnboken. Stunt er skriven for Vg1, studieførebuande utdanningsprogram. Verket er fleksibelt og gjer det lett for læraren å variere undervisninga. Det er lagt vekt på stor variasjon i tekstutvalet, både i tid, tema og sjanger. Å lære eit språk er utfordrande, inspirerande og personleg. Denne boka stimulerer interessa hos elevane for alt som har med engelsk og den engelskspråklege verda å gjere: språk og utvikling av språket, litteratur, historie, politikk, verdiar, globale emne, etniske grupper og urfolk. Boka utfordrar også elevane til å lære, evaluere, tenkje, diskutere og sjå seg sjølv i forhold til kvart av emna som er presenterte. Stunt er sett saman av ei grunnbok, ein nettressurs for eleven, ein nettressurs for læraren og CD-ar. Grunnboka er delt i fem hovudkapittel. Kvart kapittel gir den bakgrunnen og den innsikta ein treng for å forstå og delta i den engelskspråklege verda. Fokuset i kvart kapittel kjem fram gjennom tekstar som v