Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Jordbær i Genève - roman

2024, Innbundet, Norsk Nynorsk

429,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Dagen er draum. Anniken spring så den turkise skjortekanten skjer seg inn i kratt og tornar. Dei kvite krøllane dansar og viklar seg inn i eine augnekroken. Ho dreg i ein hårfloke og snublar over ei svart trerot. Sarte, ravgule strå svingar seg i vestakulingen. Bort, langt bort, vil ho. Bort frå den teite skuledagen og dei ekle maurane i kroppen.

Slik startar Jordbær i Genève, ein oppvekstroman om Anniken frå Svanøya og Khalil frå Kabul. Boka skildrar Anniken si reise til ein FN-konferanse i Genève, der utdanning og menneskerettar står i front. Men dette er også ei forteljing om den fyrste kjærleiken, om mangfaldet i naturen, og om ei ung danningsreise.

Korleis er det å leve med traume? Korleis kan ein skape seg eit verdig liv i eit nytt land? Og kva verdi har den gode samtalen i kampen for ei betre verd?

Jordbær i Genève er ei vakker og viktig bok for ungdom, som vaksne òg vil ha glede av å lese.

Siv Merethe Aannevik er lektor, og har arbeidd som rådgjevar og vore leiar i Utdanningsforbundet i Florø i mange år. Ho arbeider no for Bufetat, og har tidlegare gitt ut boka Med vind i håret. Korleis lykkast med fosterbarn? 
Aannevik har òg skrive fagtekstar og artiklar, og ho er representert med dikt og noveller i ulike antologiar.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Aannevik, Siv Merethe (for)
  • Forlag/Utgiver

    Skriveakademiet AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2024
  • Antall sider

    143
  • Emnekategori

    Barn og ungdom: personlige og sosiale spørsmål: sex og forhold, Skjønnlitteratur for barn og ungdom: generell skjønnlitteratur
  • Kom i salg

    17. des. 2024
  • Nivå

    12-16
  • Varenummer

    9788293636564

Kundeanmeldelser

Frakt og levering