Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Maria mi - roman

2016, Pocket, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 2-5 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Forlagets omtale:

Maria vil gjerne sjå tynn ut, slik som nokre av jentene i Paradise Hotel. Ho drøymer om Johannes, for dei to er jo kjærastar, dei er det, det er dei som er det, klart dei er. Johannes svik aldri, han; går rundt med kondom i jakka si, og ventar, og ventar, på ho. Stakkars. Fine guten. Mamma les Knausgård og har kontakt med ånder, papa pratar pent stavangersk og er definitivt snillast. Venninna Mina gir rare råd. Ho går i ei superkristen kyrkje.


«Maria mi. Du er mi Maria, du. Mi Maria.»
Han var ikkje nøytral lenger. Det var slutt på slikt skodespeleri. Ho hadde munnen hans i heile andletet. Han klamra seg fast til halsen hennar, skrapa langs akslene med klørne, klora seg ned mot ryggen, åla overkroppen sin inntil brysta, masserte ho på rumpa og låra. Det vart mest for mykje av det gode. Ho var lykkeleg og overlykkeleg, letta over at han viste slik glød, nøgd med at han verka så opprømt, glad for at han elska ho. Ja, verkeleg. ELSKA ho.
«Snu deg litt mot høgre», sa han. «Eg ligg forkjært med handa. Den vinkelen du har valt, er så vond for meg.»
Så klart. Ho snudde seg litt mot høgre.
«Kan du trekka vekk håret? Eg får det i munnen.»
«Sånn?» Ho trekte vekk dei lyse lokkane frå leppene hans.
«Ja. Pass så eg ikkje får håret ditt i munnen. Hugs at det er ubehageleg for meg.»
Ho vart litt provosert. Ho var ikkje heilt somaliakvinneundertrykt, heller.
«Er det ikkje du som må ta ansvar for det?» sa ho. Ho sa det ikkje sint. Ho berre sa det. Ho angra med ein gong at ho hadde sagt det.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Furubotn, Kristi (for)
  • Forlag/Utgiver

    Wigestrand Forlag
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2016
  • Antall sider

    158
  • Kom i salg

    29. apr. 2016
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    12-16
  • Varenummer

    9788281402027

Kundeanmeldelser

Frakt og levering