Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Pass dine eigne saker - roman

2026, E-bok, Nynorsk
Terningkast 5
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Trusesal og pedojakt.

Då Ida kjem tilbake frå sommarferie, har noko endra seg med bestevenninna Pernille. Brillene er bytte ut med kontaktlinser, og håret er bleikt platinablondt. OG: Ho har plutseleg begynt å henge med Thea og Naomi, dei største jåledokkene i klassen, som alltid har terga Ida og Pernille. Kva har skjedd med Pernille, og korleis har ho fått råd til den nye stilen? Etter som Ida begynner å grave litt, finn ho ut korleis Pernille skaffar seg pengar. Og det er ikkje ved å hjelpe ein gamal nabo, som ho fortalde til Ida. Pernille har begynt med sugardating. I eit forsøk på å redde Pernille frå ekle gamle grisar lagar Ida òg ein profil. For er trusesal eigentleg så uskuldig og ufarleg som Pernille har fortalt?

Pass dine eigne saker handlar om dei risikofylte vala ungdom gjer i eit ønske om å høyre til. Det er ei underhaldande, spennande, ubehageleg og viktig bok om sugardating og om å vere ung og miste kontrollen. Boka er eit samarbeid med Stiftelsen LESE.

Anmeldelser av Pass dine eigne saker:

5
Til å være en roman på knappe to hundre sider rommer den en kompleks og stramt komponert fortelling ... Å følge Ida gjennom det nye og uoversiktlige landskapet er både engasjerende og urovekkende ... Ved å vise hvordan kontroll kan fremstå som frihet, men i virkeligheten innebære det motsatte, skriver Røssland fram et viktig og relevant bidrag til samtidslitteraturen for ungdom.
- Maren Dahl Keller, Bok 365
[L]ettlesen og rett på sak ... Som bokmeldar vil eg helst unngå å kalle bøker viktige. Det er som å seie til ungar at dei må ete brokkoli fordi det er bra for dei ... Men Røssland greier å gjere brokkolien - altså det alvorlige temaet - meir interessant enn viktig... Då kan denne brokkolien vere krydra og spennande nok til at han blir eten av dei som treng han mest.
- Ane Barmen, Klassekampen
Ingelin Røssland sin nye ungdomsroman er ei svært direkte skildring av kva enkelte unge jenter kan vere villige til å gjere for pengar og dyre ting.
- Inger Marie Kjølstadmyr, Barnebokkritikk

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Thu, Maren Tjelta (Omslag av)
  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2026
  • Nivå

    12 - 16
  • Varenummer

    9788234014468

Kundeanmeldelser

Frakt og levering