At Hestad let hovudpersonen både vere overtydd om at ho er lesbisk, og tvilande rundt sin eigen konklusjon, utan at dette blir problematisert, er ein fin kvalitet ved romanen
Intens roman om å kjempe for den ein er [...] Hestad gjer ein vellukka debut med ein dramatisk roman om mobbing, kjønnsidentitet og samhald mellom unge [...] Romanen verkar alt i alt godt gjennomarbeidd.
- Astrid Fosvold, Periskop
Det som først og fremst får Sceneskifte til å skilje seg frå andre ungdomsbøker, er den frie og opne tonen rundt søken etter eigen seksualitet. [...] At Hestad let hovudpersonen både vere overtydd om at ho er lesbisk, og tvilande rundt sin eigen konklusjon, utan at dette blir problematisert, er ein fin kvalitet ved romanen [...] alt i alt plasserer Sceneskifte seg fint i eit tidsbilete der grensene mellom seksualitetar og kjønn er i ferd med å bli mindre rigide.
- Ingrid Senje, Barnebokkritikk