Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Splintra - roman

2022, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Lukkeleg og full av sorg.

Sommaren etter tiande klasse ligg fri og utstrekt framfor Mia og vennegjengen hennar. Snart ventar vidaregåande, og dei skal splintrast og fyke i kvar sine retningar. Men dei har denne sommaren i lag, her og no. I løpet av ferien kjem Mia og Are nær kvarandre på ein ny måte, og det blir vanskeleg å skilje mellom kva som er vennskap og kva som er kjærleik.

Hausten kjem, og Mia flyttar på hybel. Ho blømer i det nye miljøet på musikklinja med musikal og konsertar, hybelliv, festing og nye venner.
Så blir Are sjuk. Veldig sjuk.

«Splintra» er ein rik roman om vennskap. Om korleis det er mogleg å vere både lukkeleg og full av sorg når noko veldig fint og noko veldig vondt hender på same tid.

I 2022 blei boka nominert til Brageprisen, til U-prisen og er valt ut som ein White Raven i 2023. «Splintra» har fått ei rekke gode meldingar.

Anmeldelser av Splintra:

Hilde Myklebust har klart å skildre ungdomstida med alle kjenslene og tankane ho inneber. Sorg og smerte og glede og kjærleik snirklar seg inn mellom kvarandre og vekslar på å ta størst plass. Gjennom Mia får vi oppleve korleis ungdomstida kan kjennast ut
- Irene Ålbrekk Kalvatn, Nynorskbok.no
I skildringa av dette kaoset av kjensler, motløyse, sorg, redsle og sjølvbebreiding er det Hilde Myklebust viser kva er god for som forfattar. (...) Splintra er ei sterk, vond, vakker og velskriven forteljing.
- Vidar Parr, Synste Møre

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Samlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2022
  • Kom i salg

    30. mai 2022
  • Varenummer

    9788234006883

Kundeanmeldelser

Frakt og levering