Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Det sanne og det synlege - dialogar

2024, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Dette minner meg om noko eg opplevde

Dette minner meg om noko ei venninne fortalde meg om

Dette minner meg om noko eg las

Dette minner meg om Munchs Madonna-måleri

Dette minner meg om #metoo

Er ikkje dette eigentleg den vanlege historia

Er ikkje dette eigentleg alle kvinners historie

Er dette eigentleg ei historie i det heile tatt

Kva får deg til å tru det er noko spesielt med deg

Har du eigentleg noko å fortelje om

Viss du kunne ha sagt noko, kvifor hadde du sagt noko?

Kva er det du vil med det du har å seie?



I denne boka snakkar tre kvinner om opplevingane sine med menn. Samtalane tar oss til eit møte på eit fjordhotell, til ein lunsj med ein teaterregissør, til ei som blir stalka på høglys dag og til ei som kler av seg bak eit kornete webkamera. Felles for dei ulike situasjonane er korleis det mannlege blikket og samfunnet vi lever i på ulike vis bidreg til å forme korleis kvinner ser seg sjølv.

Anmeldelser av Det sanne og det synlege:

Kristina Leganger Iversen gir oss et lettlest og effektivt, men også mangefasettert, stykke politisk kunst ... full av humor, varme og grundig innsikt i jenter og kvinners psykologi og sosiale vilkår (...) Uten å rette noen moraliserende pekefinger ... så maner boken til kamp for likestilling og retten til å bestemme over egen kropp. Boken henvender seg like mye til modne kvinner som har lært å iscenesette sin feminitet fra et "jenteblad som kom ut ein gong i månaden", som til de unge som prøver å danne seg en trygg identitet på "ti timer skjermbruk hver dag". Men jeg vil fremheve at gutter og menn har spesielt godt av å lese den.
- Frode Johansen Riopelle, Morgenbladet
Aktuelt om mørke straumdrag i tida … kor kvinner blir umenneskeleggjort av reaksjonære krefter, og reine, jomfruelege kvinnekroppar er eit ideal.
- Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
Kristina Leganger Iversen treffer tidsånda rett i magen ... [E]i mangefasettert innføring i korleis det er å leve i denne spenninga mellom ønsket å bli sett, skam over det ønsket og redsla for konsekvensane ... Det gjennomgåande motivet er blikket, spesielt korleis andres blikk formar måten du ser deg sjølv på. Det er særs aktuelt no som visuell kultur har blitt så dominerande i sosiale medium ... [D]en dialogiske forma er open og fleksibel, gir rom for ei mengd ulike erfaringar ... Erfaringane får fram absurditeten i kva kvinner kan kome ut for ... Også meir kvardagslege erfaringar av feilslått kommunikasjon viser kor ulikt verda kan arte seg for menneske med ulik kjønnsidentitet ... Teksten kan fungere godt som ein samtalestartar om problemstillingane, og det er lett å sjå for seg at han kan setjast opp på ei scene.
- Merete Røsvik, Klassekampen
Iversen er uredd i utforskinga av det kvinnelege begjæret etter å bli sett og den parallelle frykta for eksponering … Det sceniske potensialet i teksten inviterer lesaren – og tilskodaren – til å bli del av det blikket karakterane både søker og avviser … Ein av styrkane til teksten er korleis Iversen gjev rom for kompleksitet og nyansar … Det sanne og det synlege har ei dramatisk kraft som eignar seg godt for scenisk framføring, og det gir rom for eit mangfald av tolkingar frå ulike regissørar … Iversens tekst står som eit sterkt feministisk verk i ei tid der vi framleis kjempar for kontroll over våre eigne narrativ og retten til å definere eigne erfaringar og identitetar utan å bli overstyrte av forventningane til dei andre. Ho viser oss at blikket alltid vil vere ei kjelde til både makt og sårbarheit.
- Rania Broud, Vinduet

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Samlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2024
  • Kom i salg

    22. okt. 2024
  • Varenummer

    9788234012839

Kundeanmeldelser

Frakt og levering