Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Dikt i samling

2015, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Halldis Moren Vesaas (1907-1995) er blant våre kjæraste og mest kjende lyrikarar.

Ho voks opp i Trysil og debuterte 22 år gammal med diktsamlinga Harpe og dolk. Ho og ektemannen, Tarjei Vesaas, busette seg i Vinje i Telemark, og heimen deira, Midtbø, vart litt av eit kultursentrum.
Halldis Moren Vesaas gav ut tre diktbøker før krigen, men dei mest kjende dikta står i diktsamlingane Tung tids tale (1945), Treet (1947) og I ein annan skog (1955).
Ho har òg gitt ut mange andre slags bøker, barnebøker, ein roman, noveller, dessutan biografiske bøker om Sven Moren og Tarjei Vesaas, artiklar og essays, redigering av diktantologiar. Mykje av si arbeidskraft brukte ho på gjendikting av klassisk drama, av Racine og Molière, av Shakespeare og Brecht.
I 1994 fekk Moren Vesaas Brageprisens heiderspris. I det siste leveåret sitt gjorde ho ferdig manuskriptet til den siste diktsamlinga, Livshus (1995), ein av dei største suksessane nokon lyrikar har oppnådd her i landet.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Aschehoug
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2015
  • Emnekategori

    Lyrikk av en forfatter, Moderne lyrikk (fra 1900 og fremover)
  • Kom i salg

    30. okt. 2015
  • Varenummer

    9788203360275

Kundeanmeldelser

Frakt og levering