Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Hjelpeprosessar og rettsbruk i Nav-kontor - om juss og sosialt arbeid i arbeids- og velferdstenesta

2024, E-bok, Nynorsk
E-bok
Dette produktet er ikke tilgjengelig for kjøp for øyeblikket.

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Det er viktig å forstå grunnleggande tenking innanfor både sosialt arbeid og juss i arbeids- og velferdstenesta. I sosialt arbeid er kjernen å understøtte prosessar som fremmar problemløysing, meistring og deltaking. Jussen har fokus på rettar og rammer som ein del av løysingane, og rettsreglane utgjer normer for handling. Denne boka viser korleis rettsreglar og hjelpeprosessar samspeler ved Nav-kontor. Rettleiarane i Nav-kontor har ulike faglege bakgrunnar, men dei forvaltar alle rettsreglar og utfører sosialt arbeid. Boka diskuterer sentrale tema der arbeidet er i dette skjeringspunktet, som kommunikasjon, samarbeid og skjønnsutøving. Målet er å utforske sider ved arbeids- og velferdstenesta som kan inspirere til fagleg diskusjon. Boka er relevant for den som interesserer seg for arbeid i Nav-kontor. Ho er nyttig for studentar som treng å forstå bakanforliggande prosessar i fagutøvinga, og for Nav-tilsette som vil reflektere over sin eigen praksis. Liv Jorunn Baggegård Skippervik er universitetslektor i velferdsrett ved Universitetet i Stavanger. Ho er utdanna sosionom og jurist og har lang erfaring frå arbeid i Nav-kontor. Siv Oltedal er professor i sosialt arbeid ved Universitetet i Stavanger. Ho er utdanna sosionom og sosiolog og har brei forskarerfaring, mellom anna frå Nav-kontor.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Skippervik, Liv Jorunn Baggegård (Forfatter) ; Oltedal, Siv (Forfatter)
  • Forlag/utgiver

    Fagbokforlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2024
  • Antall sider

    278
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788245056426

Kundeanmeldelser

Frakt og levering