Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Sosiologi, teologi og Helge Hognestads doktoravhandling - møte og konflikt på det lange 70-talet

2023, Innbundet, Norsk Nynorsk

469,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

I 1978 disputerte Helge Hognestad for doktorgraden i Gamle festsal ved Universitetet i Oslo. Salen var fullstappa, og der var trampeklapp og buing. Avhandlinga analyserte andaktar over tekster frå Matteusevangeliet i aviser og kristelege organisasjonsblad og fann at dei stort sett legitimerte kyrkjeinstitusjonen og ikkje det tekstene sa. Det som forblinda dei, var den lutherske læra om rettferdiggjering ved tru åleine, grunngitt i Jesu soningsdød, vår påstanden.

Avhandlinga fekk grundig drøfting, med mykje kritikk. Hognestad stod i samtida som eit mediesynleg symbol på den radikale kritikaren av samfunn og kyrkje, opprøraren som ville opne kyrkja, men som møtte motstand då han ville søkje stilling som prest, med forkjetring frå indre bane og applaus i mediefeltet. Boka framstiller både dei teologiske brytingane og forviklingane omkring prestetenesta.

Forholdet mellom sosiologi og teologi var eit gjennomgåande tema i perioden. Denne tematikken er sentral i boka. Vi fekk ei spenstig nybrotsfase for religionssosiologien ved unge sosiologar. Dei fekk lita hjelp frå etablert fagmiljø, men gjekk laus på fleire temaområde innan kyrkjeliv og teologi etter alle kunstens reglar. Der var metoden ateistisk, noko som utfordra dialogen med teologien. Særleg var kunnskapssosiologien til Peter Berger og Thomas Luckmann i bruk. Den brukte også Hognestad i si avhandling. Han var den første som brukte sosiologien som aktiv samtalepartnar i ei teologisk doktoravhandling (saman med marxistisk ideologikritikk).

Boka vender seg til den som er interessert i denne brytingstida i kyrkje og samfunn, omkring ein utfordrande teologi, og korleis teologi og sosiologi kan arbeide med same materiale med gjensidig nytte.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Ulstein, Jan Ove (for)
  • Forlag/Utgiver

    Cappelen Damm AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2023
  • Antall sider

    450
  • Serienavn

    Religionsfag profil
  • Serienummer

    46
  • Emnekategori

    Sosiologi, Teologi
  • Kom i salg

    24. apr. 2023
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788202794194

Kundeanmeldelser

Frakt og levering