Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Mediesosiologi

2018, E-bok, Nynorsk

179,-

E-bok
Tilgjengelig for nedlasting

Digital bok. Ingen angrerett. E-boka blir tilgjengelig på din Norli-bruker og i Norli-appen etter kjøp

Norli Les & Lytt app

Din digitale bokhylle for lydbøker og e-bøker. Digitale bøker blir tilgjengelige i appen umiddelbart etter kjøp.

Last ned fra App StoreLast ned på Google Play
Boka gir oversikt over fagfeltet mediesosiologi og er meint som ein vegvisar til forskinga på området. Den overordna problemstillinga er forholdet mellom media og samfunn, og forskingshistorie og teoretiske retningar blir gjennomgått. Forfattarane presenterer også sentrale studiar om medias rolle i samfunnsutviklinga, kva dei har å seie for demokrati, identitet og sosial ulikskap, og kva rolle dei spelar i ei globalisert verd. Den nye utgåva er oppdatert med ny empiri og nye skildringar av strukturar og reguleringar i mediesektoren. Boka har også med fleire mediesosiologiske perspektiv, slik som ritualteori og forsking knytt til generasjonsforskjellar. BASIS er ein serie kortfatta oversynsbøker om sentrale tema i sosiologi. Bøkene oppsummerer og drøftar ulike retningar, perspektiv og forskingstradisjonar og gir god oversikt over dei ulike felta. Kvar bok inneheld ein kommentert bibliografi og eit temaregister slik at ho utgjer eit godt utgangspunkt for vidare arbeid med temaet. Toril Aalberg (f.1970) er professor i sosiologi ved NTNU. Forskingsinteressene hennar omfattar mellom anna politisk kommunikasjon, offentleg opinion, politisk deltaking og mediebruk. Eiri Elvestad (f.1970) er førsteamanuensis i sosiologi ved Høgskolen i Vestfold. Forskingsinteressene hennar omfattar mellom anna lokale medium, medieglobalisering, mediebruk, ungdom og kjønn i media.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2018
  • Antall sider

    164
  • Serienavn

    Basis
  • Utgivelsesdato

    09.01.2018
  • Utgave nr.

    2
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788252189377

Kundeanmeldelser

Frakt og levering