Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Bølge av blod

2026, E-bok, Nynorsk
E-bok
Tilgjengelig for nedlasting

Digital bok. Ingen angrerett. E-boka blir tilgjengelig på din Norli-bruker og i Norli-appen etter kjøp

Norli Les & Lytt app

Din digitale bokhylle for lydbøker og e-bøker. Digitale bøker blir tilgjengelige i appen umiddelbart etter kjøp.

Last ned fra App StoreLast ned på Google Play
Bølge av blod er ei hybridbok: ei blanding av poesi, essay, foredrag, reise- og krigsdagbok, skriven ikkje etter at støvet har lagt seg, men medan jernet er varmt – mellom oktober 2023 og april 2024. Ariana Reines arbeider framleis med sorga etter mora sitt sjølvmord då angrepa 7. oktober 2023 finn stad, og folkemordet startar i Gaza. Mora var dotter av jødiske holocaust-overlevarar og hadde slite med schizofreni og heimløyse i over tjue år. Reines skriv om nedarva familietrauma og -sorg medan ho reiser gjennom dei europeiske landa der familietraumaa starta; ein krig sluttar ikkje når den er slutt. Om sorg og smerte ikkje blir arbeidd med, kan dei utvikle seg til noko sjukt eller vondt, slik ein i eit større perspektiv også ser med folkemordet i Palestina. Bølge av blod er ein indre kamp med krigens sinn: for å forstå korleis vondskap oppstår i verda, må ein også forstå sitt eige indre. Boka er eit forsvar for poesi, for hjartet, kroppen og menneskelivet, i ei verd trua av KI: Orda og ordbruken spelar også alltid ei rolle i krig. Design: Marte Meling Enoksen Ariana Reines (f. 1982) er ein amerikansk poet, gjendiktar, dramatikar og performancekunstnar frå Salem i Massachusetts. Ho har gitt ut seks diktsamlingar i tillegg til fleire chapbooks, essays og skodespel (Telefon vart oppført ved Møllebyen litteraturfestival i 2017), omsett Charles Baudelaire, Jean-Luc Hennig og Tiqqun, skrive for The New Yorker, Artforum, Frieze, Harper’s, LitHub, Granta, The Los Angeles Review of Books, Poetry m.m., hatt performancar på mellom anna Guggenheim-museet, Whitney Museum of American Art, og undervist i poesi ved Berkeley, Columbia, The New School og New York University. I 2020 starta ho Invisible College, vigd til studiar av poesi, gamle og heilage tekster, mellom anna Miltons Det tapte paradis, som Bølge av blod går i dialog med. «Stemma hennar – som alltid er meir enn hennar åleine – er ein dialektikk mellom det eldgamle og the bleeding edge. […] ‘Ein teknologi kan bli sett på som bleeding edge når den inneber ein viss risiko.’ Det kan finnast ein ‘mangel på konsensus’. Eller ‘ein mangel på utprøving’. Det kan finnast ein ‘motstand mot endring i bransjen’. Med Arianas kunst er risikoane reelle, og vi bør ta dei.» – Ben Lerner

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Kleiva, Anna (Oversetter)
  • Forlag/utgiver

    Audiatur
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Wave of blood
  • Utgivelsesår

    2026
  • Serienavn

    banderole--bok
  • Utgivelsesdato

    10.09.2026
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788284171562

Kundeanmeldelser

Frakt og levering