Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Bror din på prærien - roman

2015, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota.

Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet set blikket rett på han. Da han kysser den romantiske Rosa Edelblad, er det med både sterk lyst og frykt for å bli bunden. Eilert forsøker å la arbeidet styre han.

Det skal kome ei stor og gjennomgripande vending i Eilerts liv, som om han har vore på feil spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp - slik 50 000 andre nordmenn i si tid gjorde - og startar på den lange reisa til prærien i Canada. Hausten 1905 tar han land ved Eidswold (Donalda), Alberta.

Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han skal få sjå sonen sin att i dette livet.

Bror din på prærien er ein slektsroman og ein westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som Hoems roman frå 2014, den lovpriste Slåttekar i himmelen.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Hoem, Edvard (for)
  • Forlag/Utgiver

    Forlaget Oktober
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2015
  • Antall sider

    461
  • Serienavn

    Familien fra Rekneslia
  • Serienummer

    2
  • Emnekategori

    Biografisk skjønnlitteratur, Historiske romaner, Slektsromaner
  • Kom i salg

    6. nov. 2015
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788249515639

Kundeanmeldelser

Frakt og levering