Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Riv meg frå alt som held meg tilbake

2026, Innbundet, Nynorsk
Personlig signert
Fri frakt
Forhåndsbestilling – forventes i salg 16.10.2026
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Nessa utanfor Stavanger, året er 1850. Nils har eigen gard og stor familie og er spart for armoda som breier om seg. Likevel kjenner han ei dragning mot noko nytt, mot Amerika. Han er overtydd om at han har fått eit kall, og bestemmer seg for å reise. Attende på garden står Margrete og dei seks barna deira, som no må klare seg sjølve. Ho er ikkje villig til å reise frå alt dei har bygd opp saman, frå familie og skyldfolk og dei tre små på kyrkjegarden.

I New York kjem Nils i kontakt med folk frå mormonrørsla som overtyder han om å følgje dei til Salt Lake Valley, ei reise som tar fleire månadar. Dei store og dramatiske hendingane Nils kjem ut for, skal kome til å endre livet hans for alltid.

I mellomtida er Margrete i ferd med å finne attende til Faltin, som hadde eit godt auge til henne før ho gifta seg med Nils. Kanskje er det mogleg å finne kjærleiken på nytt?

Rotnorsk bondekultur står mot den nye amerikanske draumen i første bandet av denne historiske romantrilogien, som tar for seg eit nokså ukjent kapittel i norsk historie, dei første norske mormonane.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2026
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234017742

Kundeanmeldelser

Frakt og levering