Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Januarbarna

2026, E-bok, Nynorsk
E-bok
Dette produktet er ikke tilgjengelig for kjøp for øyeblikket.

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

The January Children (2017) er debutboka til den sudansk-amerikanske poeten Safia Elhillo (f. 1990) og den første av bøkene hennar som kjem ut på norsk. Verket rommar dikt som tidvis er strålande, klare og sterke, og tidvis såre, vare og søkande. Med humor og fleirspråklege ess i ermet utforskar det lyriske eg-et bindingane til slekt og fødelandet Sudan, kva det vil seie å ha fleire heimstader, og korleis andre sitt blikk kan påverke eg-et si sjølvforståing og kjensle av tilhøyrsle. Januarbarna er gjendikta av poetane Asha Abdullahi (f. 1998) og Ida Hove Solberg (f. 1987).
 
Safia Elhillo har skrive eit eige forord til den norske gjendiktinga. Her set ho boka i eit nytt perspektiv:
 
Når eg skriv dette, har det gått over to år sidan det braut ut krig i Sudan. Og noko av det første som vart øydelagt i krigen, var flyplassen i Khartoum. … Det kjennest som ei merkeleg tid for å innvie ei ny gjendikting av dette verket, som handla så mykje om håpet eg hadde om å høyre til, om å bli vald, om å bli namngitt. I dag kjennest den slags håp naivt. Alt verkar å rakne raskare enn nokon gong i Sudan, i Palestina, i USA der eg bur no. … Sjølv om eg no kanskje svarer litt annleis på spørsmålet «asmar ya asmarani, meen asak alayya / åh asmarani, kven gjorde deg så slem mot meg?», håper eg desse dikta vil finne ein veg inn til deg slik Abdelhalim Hafez sine songar fann ein veg inn til meg. Og kanskje plantar dei der eit nytt og meir varsamt håp.
 
Januarbarna inngår i Lo forlag sitt redaksjonelle prosjekt «Krysspoesi». Utgivingane i denne gjendiktingsserien undersøker eller demonstrerer kryssingspunktas poetiske potensial. Første bok ut var Hva sier jeg er fremmed. Sanger av Fakir Lalan Sain, gjendikta frå bengali av Wera Sæther (2024).

Anmeldelser av Januarbarna:

Den flotte omsetjinga til Ida Hove Solberg og Asha Abdullahi har fått eit nydeleg grafisk uttrykk, og med illustrasjonane til Annika Linn Verdal Homme vert «Januarbarna» verkeleg ei heilstøypt utgjeving.
- Jógvan Helge Gardar, Norsk Tidend
Dikta til Elhillo handlar om språk, sår, tap, heimløyse. Men det dikta også gjer, i tillegg til å peike på alle tapssituasjonane, er å minnast, halde fast, attskape samanhengane der det tapte finst.
- Sindre Ekrheim, Krabben poesikritikk

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Elhillo, Safia (Forfatter) ; Homme, Annika Linn Verdal (Illustratør) ; Solberg, Ida Hove (Oversetter) ; Abdullahi, Asha (Oversetter) ; Dawes, Kwame Senu Neville (Etterord av)
  • Forlag/utgiver

    Lo forlag
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    The January children
  • Utgivelsesår

    2026
  • Antall sider

    102
  • Serienavn

    Krysspoesi
  • Serienummer

    2
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788269360332

Kundeanmeldelser

Frakt og levering